Fysisk aktivitet

Frisklivssentralane på Jæren har eit variert aktivitetstilbud, med treningsgrupper alle kvardagar til ulike tider på dagen. Treninga er tilpassa personar som ynskjer å koma i gong med fysisk aktivitet. Treningane har ulikt fokus, som kondisjon, styrke og bevegelighet, men alle treningane har til felles at dei fokuserer på bevegelsesglede og meistringskjensle. 

Trening ute i Hanabergmarka - Klikk for stort bileteTrening ute Hanabergmarka Ruth Westre

Ønsker du hjelp til å koma i gong med fysisk aktivitet og trening?

Då kan du ta kontakt med frisklivssentralen i din kommune. Du treng ikkje henvisning og kan ta direkte kontakt. Du vil bli kalla inn til ein oppstartsamtale for å finne ut kva som kan være eit aktuelt tilbod for deg. Dersom du kun ønsker å delta på treningar, og ikkje har behov for oppfølging på frisklivssentralen utover det, kan du delta ved å betale ein eigenandel på kr 1000 for eit år. Du må då være under 67 år og ha ein stønad frå NAV.

Trening på eige ansvar.

Klikk her for mer informasjon om trening for deg over 65 år

Klikk her for å lese mer om anbefalinger for fysisk aktivitet

Klikk her for oversikt over andre aktivitetstilbud i Jærkommunene